Open brenning og brenning av avfall
er forbode heile året.
Følgjande brenning er likevel lov:
- open
brenning på grillinnretningar, utepeisar og bål brukt i tradisjonelt
friluftsliv (sjå forbod i perioden 15. april – 15. september)
- brenning
av reint trevirke, avispapir og liknande i vedomn
jonsokbål som skal tennast sankthansaftan 23. juni skal meldast inn. Brannsjefen vil utføre rutinesjekk av båla. Meldinga skal sendast inn i perioden 1. juni - 20. juni og vert tilgjengeleg i dette skjemaet.
bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettstad/tettbygd
strøk meldast inn. (forbod mot all brenning i eller i
nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen i perioden 15. april –
15. september)
Om du har meldt inn
brenning, må du varsle 110 sentralen på servicenummer
70 11 99 99 før du set fyr. Dette for å unngå unødig utrykking, som fører
til bøtelegging. Jonsokbål skal ikkje varslast til 110-sentralen.
Når du mottek kvittering på
innsendt melding, er det å sjå som ei godkjenning, om du fyl føresetnadane
og reglane til trygg bålbrenning.
Desse finn du her: https://www.heroy.kommune.no/tenester/bygg-eigedom-og-plan/brann/balbrenning/