Herøy kommune trenger fleire valfunksjonærar til stortingsvalet 2021. Dette er
eit svært viktig arbeid og ei god erfaring for den som er med på dette. Det vert gjeve godtgjersle for tapt
arbeidsforteneste og for oppmøte.
Valfunksjonær
består av to roller, valmedarbeidar og medlem i røystestyret.
Valmedarbeidar: kan utføre alle oppgåver i eit vallokale
utanom å føre møtebok. Til dømes
krysse av i manntalet, stemple stemmesetlar og sjå til at veljarane legg
stemmesetlane i valurna. I tillegg til andre praktiske oppgåver.
Medlem i røystestyret: føre møtebok og organisere
arbeidet i røystelokalet. Samt oppgåver som valmedarbeidar.
Føresetnad: må vere folkeregistret i kommunen og ha røysterett. Kan ikkje stå
på liste til stortingsvalet.
Valansvarleg tek kontakt viss du vert tildelt ei rolle.