Kven kan søke:
Dette skjemaet skal nyttast når
offentlege instansar i samarbeid med ei familie eller privatpersonar når
ein har behov for bistand frå familieterapeuten.
Tiltaket er for barne- og ungdomsfamiliar, der familien har
ei form for samarbeid/relasjonsvanskar som påverkar eller på sikt kan påverke
barna negativt, og der det ikkje er grunnlag for tiltak frå andre tenester.
Dersom familien klart har behov for og rett på tiltak etter for eksempel
barnevernslova (barneverntenesta), helse- og omsorgslova (lege, helsestasjon,
pleie om omsorg, BUP, etc.), opplæringslova (barnehage og skule), barnelova
(familievernkontoret) eller anna, er det også desse instansane som skal
kontaktast. Dette kan drøftast i telefontida, om familieterapeuten er den
riktige instansen å kople på familien.
Samtykke
Når offentleg instans sendar skjema skal det i forkant innhentast
samtykke til at det vert tilvist. Det er viktig at familien er motivert for å
ta imot tiltak. Dersom berre ein part i ei familie ynskjer tiltak, så er det
berre denne vedkomande som kan være part i tiltaket. Vedkomande vil då få individuell
rettleiing og hjelp til å ivareta eige handlingsrom, då vi ikkje kan gi
rettleiing til dei som ikkje ynskjer det. Dersom det er born eller ungdommar
som ikkje er motiverte per dags dato kan familieterapeuten gjennomføre ei
motivasjonsfase med den det gjeld, for so å gjere ei vurdering om det er
aktuelt å fortsette med tiltaket vidare.
Du kan lese meir om ordninga her.