Eig du ein næringseigedom? Då skal du bruke skjemaet til å sende inn dei opplysningane vi treng om næringseigedomen for å berekne eigedomsskatten.
Eig du ein bustad eller annan eigedom som ikkje har bustadverdi frå Skatteetaten? Då vil eigedomen din bli synfart. Du treng ikkje å vere med på synfaringa. Om du ikkje vil vere med på synfaringa, skal du ikkje fylle ut skjemaet. Men dersom du vil vere med på synfaringa, skal du fylle ut skjemaet.
Fastsetting av takst
Kommunestyret vedtok 12. desember 2024 å innføre eigedomsskatt i Herøy frå og med 2025.
For bustadeigedomar har kommunestyret vedtatt å bruke Skatteetatens bustadverdi (berekna marknadsverdi) som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten, jf. eigedomsskattelova § 8 C-1. Alle andre typar eigedomar, også bustadeigedomar utan tilgjengeleg bustadverdi frå Skatteetaten, må takserast ved utvendig synfaring.
Det er eigedomsskattelova § 8 A-2 som dannar utgangspunktet for verdsetting av eigedomane:
(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7. Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.
Synfaring
I samband med skattetakseringa vil det bli gjennomført utvendig synfaring av alle eigedomar med tilhøyrande bygg. Det er ikkje naudsynt at du som eigar er med når synfaringa blir gjennomført. Om du likevel ynskjer å vere til stades under synfaringa må du melde ifrå så snart som mogleg og seinast innan fire veker frå du fekk brevet. Du vil då bli kontakta når det nærmar seg tid for synfaring.
Synfaringa vert utført av Verditaksering Kjell Larsen AS. Dei tilsette synfaringsressursane er kledd med gule vestar med påskrifta “Taksering” på ryggen. I tillegg har dei legitimasjon som er utskrive av Herøy kommune.